plass til under halve prisen
Då familien Mossestad Brekken auka frå tre til fem gjorde dei eit spenstig val: Dei bytta ut 100 kvadratmeter i Førde med 230 m2 i Vadheim, og det har gitt langt fleire fordelar enn berre ei økonomisk oppside – mellom anna i form av meir besøk.
Marita Mossestad var skeptisk. Ho er oppvaksen i Høyanger, ein tettstad som er planlagt og arkitektteikna som ein by. Og Vadheim? Ligg ikkje det høgt på lista over «verdas kjedelegaste vegkryss»?
– Eg hadde i grunn aldri lagt merke til Vadheim, berre køyrt forbi. Men då eg kom litt utanfor riksvegen såg eg at det jo er kjempefint her. Både fjorden, med småbåthamna, og innover i dalen og turterrenget der. Og så er det også veldig gode solforhold her, seier Marita.
Ho arbeider i Førde, og har også tidlegare pendla til jobb.
– Å pendle frå Høyanger var litt tungt. Det er luksus å bu her i forhold. No er det god veg og null stress, og det tek eigentleg ikkje så mykje lenger tid å komme seg på jobb enn då vi budde i Førde. Men no når vi bur her kan vi gå til alt; butikk, skule og barnehage – det er heilt herleg, fortel ho.
Rekkehuset dei budde i tidlegare låg nemleg 8 km frå Førde sentrum. Og med det prisnivået som «sunnfjordcityen» etter kvart har nådd, var det uaktuelt for det unge paret å finne ein stor nok bustad meir sentralt i byen. Med rask familieauke frå tre til fem som pådrivar, kom dei til at det var ei betre løysing å auke reiseavstanden litt.
Kjappe fakta om Vadheim
– Eit sentralt trafikknutepunkt i ytre Sogn med i overkant av 200 innbyggjarar.
– Eit høgst levande lokalsamfunn med eit rikt lag- og organisasjonsliv, varierte fritidstilbod, og mange eldsjeler som skapar aktivitet i bygda.
– Pendleavstand (maks 45 min) til Førde, Dale, Leirvik og Høyanger. Bu i Vadheim og jobb der du vil!
– Oppvekstsenter, butikkar, kaféar og hotell i eit kompakt sentrum med gangavstand til alt gjer kvardagslivet lett.
Robin Brekken, som opphaveleg er frå Vadheim, fortel at han måtte jobbe litt og ringe rundt for å få kjøpe huset dei no bur i. Det er nemleg ikkje slik at det er «flust med hus» som står tomme i bygda.
– Den nybygginga som no er planlagt, er derfor veldig bra, meiner han.
Robin pendlar også til jobb i Førde, og synest det fungerer godt:
– Eg har nokre kompisar som bur på Sande, øvst oppe. Om vi går ut døra samtidig, møtes vi også til same tid på E39.
Begge fortel om eit unikt samhald i bygda. Om det til dømes er dårleg vêr ein søndag kan bydefolket møtast på skulen, slik at ungane får leike i lag i gymsalen. Dei har også innarbeida eigne tradisjonar, som t.d. å gå saman inn til Fossen med faklar på nyttårsafta.
– Her går folk saman og får til ting. Vi har frisbeepark, volleyballbane, «Vamibley Stadion» og ikkje minst Vaimamarknaden – den blir større år for år. Og no er det snakk om å byggje klatrepark ved skulen. I Vadheim er innstillinga at det er berre til å «køyre på», fortel Robin.
Veit du at?
Høyanger kommune gir 200 000,- i stimuleringstilskot ved oppføring av bustad. Les meir på nettsida til kommunen.
Triveleg bølgjeskvulp og mykje sol året rundt vil bli kvardagen for dei nye innbyggjarane i bustadfeltet på nedre Hovland i Vadheim.
Den mest positive overraskinga var likevel at flyttinga til Vadheim også vart ein sosial opptur:
– I Vadheim sit ikkje folk i kvar si stove, med kvar sin kaffikopp. Her kjem folk på besøk, seier Robin.
– Ja, vi har aldri hatt så mykje besøk som etter at vi flytta til Vadheim. For slekt og venner som køyrer forbi, er det jo kjapt å svinge innom, legg Marita til.
I tillegg kjem og den økonomiske oppsida av å flytte ein gyllen halvtime frå Førde. Huset dei no bur i kosta under halvparten av rekkehuset dei flytta frå i Førde.
– Det er no du skal kjøpe i Vadheim, tenker eg. Den prisveksten vi har sett i området rundt Førde, vil også komme hit, meiner Robin.
Han får støtte frå profesjonelt hald, frå Pål Anders Kårstad, som mellom anna står bak etableringa av den nyskapande digitale eigendomstenesta Webmegling:
– Generelt får ein meir for pengane når ein kjøper bustad på stader som Vadheim. Og det Høyanger kommune no gjer, er heilt riktig. Ved å leggje til rett for utbygging av 12-14 nye bueiningar vil det vere eit stimuli både for omskifting i den lokale eigedomsmarknaden, men også for tilflytting.
Det er fleire grunnar til at Kårstad ser potensiale i Vadheim. Ei realisering av den planlagde Vadheim Aquapark vil både gi arbeidsplassar og generere meir næringsaktivitet i bygda. Og når E39 blir løfta opp i tunell forbi sentrum, vil Vadheim verkeleg stå fram som ei fjordperle.
– Eg trur Vadheim vil oppleve eit løft, ja, seier Pål Anders.
Ei bygd i utvikling
Både Høyanger kommune og privat næringsliv innan mellom anna reiseliv og fiskeoppdrett satsar tungt i Vadheim for tida. Kommunen ønskjer å investere i auka bulyst og trivsel, og vil i åra som kjem bruke fleire millionar kroner på å ruste opp sentrum for å gjere bygda meir attraktiv for fastbuande og tilreisande. Blant tiltaka som er under vurdering er opparbeiding av ein ny fjordpromenade og fleire fritidsområde langs sjøkanten, noko som vil gjere Vadheim til ei enda vakrare perle langs Sognefjorden.
Kjappe fakta om tomtene
– Totalt sju tomter på nedre Hovland.
– Storleik frå 705 m2 til 813 m2.
– Sognefjorden som næraste nabo.
– 3 minutt gangavstand til sentrum.
Har du spørsmål, eller ønskjer du
meir info om tomtene i Vadheim?
Kontakt leiar for tenesteeining plan og forvaltning Synne Vefring på e-post: synne.vefring@hoyanger.kommune.no, telefon: 57 71 15 47, eller sjå hoyanger.kommune.no.