Søreide – Kvardagstrivsel
Til framsida
– Vi gler oss til
å få fleire naboar!

Kva kan ein vinne på å flytte frå ein by til den vesle bygda Søreide ved Sognefjorden? Ein heil del, meiner kjærasteparet Øveraas Søreide – mellom anna det å bli meir sosiale, og komme tettare på folk.

Novemberrimen i graset er i ferd med å sleppe taket. Sola når akkurat over fjellet og strålar utover fjorden, men så flatt at sjøen framleis er mørk. Solstrålane treff berre måsane som ligg og duppar. Dei skin opp som stjerner på den svarte vassflata.

Marte Søreide har allereie vore på jobb i Osland Havbruk nokre timar, men kjem heimom for å fortelje om livet etter at ho flytta heim, forlova seg, og totalrenovert det gamle huset med den praktfulle utsikta som nærmast slo imot oss denne tysdags formiddagen.

Det skal derimot vise seg at det er langt meir enn utsikt som gjorde til at ho og kjærasten Siri etablerte seg på Søreide. Ikkje var det moglegheit for å overta eit familiehus som lokka heller, sjølv om etternamnet til Marte vitnar om hennar tilknyting til staden:

– Nei, huset var ikkje i familien, det kom for sal på den opne marknaden. Og vi var tre interessentar. Det blei faktisk bodrunde, fortel Marte.

Sjølv om ho var ute på jobb utan moglegheit til å sjå på huset, måtte ho berre by. Ho kjende jo staden, og kor fint eigendommen låg til. Derfor kjøpte ho huset usett.

Og no blir denne attraktive plassen i ei koseleg bygd langs Sognefjorden tilgjengeleg for fleire. Høyanger kommune opparbeider for tida sju tomter like ved sida av eigedomen som Marte kjøpte.

Kjappe fakta om Søreide

– Det bur omlag 350 innbyggjarar på Høyanger sørside, med Søreide og Bjordal som det geografiske senteret.
– Søreide ligg 5km frå Bjordal, som har skule, barnehage og butikk.
– Høyanger sørside har eit næringsliv i sterk vekst. Verdi­skapinga per innbyggjar er på over 1,4 millionar.
– God breidde i arbeidsplassar, både innanfor offentleg og privat sektor.
– Svært gode friluftsmoglegheiter både på fjorden og i fjellet.
– 2 timar reisetid til Bergen og Førde.

Like nedanfor huset til kjærasteparet Øveraas Søreide blir nye tomter målt opp og klargjort for oppføring av bustadar. Mange unge etablerarar har busett seg på Høyanger sørside dei siste åra, og no får nye tilflyttarar høve til å byggje hus i eit felt med mange kvalitetar.

Ved sidan av Marte i sofaen sit hennar betre halvdel, Siri Øveraas. Ho er opphaveleg også bygdejente, men før ho flytta til Søreide budde ho i Ålesund – i blokkleilegheit.

– Eg likar meg betre på landet. Då eg budde i Ålesund kjende eg ingen av naboane. Her er vi ein fellesskap. Her kjem naboen vår Terje ruslande med kaffien i handa og slår av ein prat. Eg er meir sosial her enn eg var i byen, fortel Siri.

Spesielt no som paret ventar sitt første barn set dei pris på kvalitetane som Søreide har å by på. Her er det inga venting på barnehageplass, den lokale skulen er god, og ein har folk rundt seg som bryr seg og hjelper til om det skulle vere noko.

– Eg opplevde samhaldet i bygda spesielt sterkt då pappa vart sjuk. Folk stilte opp, og dei var tilgjengelege. Du føler deg ikkje aleine her på Søreide, seier Marte.

Det er desse kvalitetane dei unge etablerarane set aller høgst ved å bu i bygda:

– Ja, fellesskapen med naboane er det beste med å bu på Søreide, meiner Siri.

– Fellesskapen og fridomen, legg Marte til.

– Her lever vi tett på naturen, og tett på folk!

Marte Søreide og Siri Øveraas

Til saman legg dette grunnlaget for kvardagstrivsel. Marte beskriv ein heilt vanleg tysdagsmorgon i november slik:

– I sjutida er det heilt roleg, og då tek eg gjerne ein tur med hunden. No på hausten kan eg høyre hjortebauringa, og det er alltid spesielt. Og fisk som hoppar på fjorden, kanskje 3-4 niser…

Rundt klokka 8 vaknar Høyanger sørside til liv. Det er nemleg høg aktivitet i næringslivet langs fjorden frå Ortnevik og utover mot Ikjefjord, og trafikken langs fylkesveg 8 tek seg opp. Østerbø Maskin er ein stor arbeidsplass, og havbruket har i mange tiår vore ei hovudnæring i denne delen av Høyanger kommune. Aktiviteten genererer mange jobbar, både direkte og indirekte:

– Vi treng entreprenørar, og gjerne folk som vil starte for seg sjølv, t.d. som handverkarar. Men her er det moglegheiter også innan turisme, eller kanskje eit hjorteslakteri kunne vore liv laga? Det finst mange gode jobbar i området, og ein sterk heiakultur for dei som ønskjer å starte sine eigne bedrifter og tilbod.

Veit du at?

Høyanger kommune gir 200 000,- i stimuleringstilskot ved oppføring av bustad. Les meir på nettsida til kommunen.

Det er fast tradisjon for innbyggjarane på Søreide å samle seg på julafta på stranda ved småbåthamna for eit felles julebad. Dei nye tomtene i bygda ligg like bak stranda. Film: Håkon Østerbø

Kjappe fakta om tomtene

– Totalt sju tomter tilgjengeleg.
– Storleik frå 840m2 til 1235m2.
– 400 000,- pr. tomt.*
– Truleg byggeklare i 2020.
– Veg, vatn og avlaup vert ført fram til tomtegrense.
– Småbåthamn og flott sandstrand like nedom bustadfeltet.
– Særs gode solforhold: Kveldssol om sommaren til ca. kl. 22.30.
– Det vert arbeid med utbygging av fiber (leverandør ikkje avklart enno).

*I tillegg til tomtepris kjem tinglysingsgebyr på kr. 525, dokumentavgift på 2,5% av salsverdien ved tinglysing av skøyte, samt ev. oppmålingsgebyr.

Har du spørsmål, eller ønskjer du
meir info om tomtene på Søreide?

Kontakt kommuneplanleggar Synne Vefring på e-post: synne.vefring@hoyanger.kommune.no, telefon: 57 71 15 47, eller sjå hoyanger.kommune.no.

#kvardagstrivsel_søreide

Andre tomter


Ikjefjord

Lavik