Lavik – Kvardagstrivsel
Til framsida
Publisert: 2. oktober 2020
Derfor vil Linn og Vegard byggje og bu i Lavik

Trur du at Lavik er berre ei ferjekai? Då må du sjå deg litt betre om neste gong du køyrer forbi. Ikkje berre ligg Lavik sentralt i nye Vestland fylke. Med det nye byggefeltet som er under opparbeiding, er det også midt i blinken for unge som vil etablere seg.

Problemstillinga er klassisk: To finn saman, dei vil etablere seg – men kor? Når du tenker på Lavik, er sjansen stor for at ferjekø er den einaste erfaringa du har. Kvifor i alle dagar busetje seg på ei ferjekai?

For Linn Haukøy Bosdal (22) og Vegard Breidvik (23) var dette valet overraskande enkelt. Vegard er oppvaksen på Dale i Høyanger, men fekk raskt smaken på den åpne utsikten utover fjorden, og sol heile året.

– Her har vi det vi treng. Eg køyrer jo berre rett på ferja når eg skal på jobb. Og det er jo ikkje langt innover til Høyanger heller, fortel Vegard.

Den andre grunnen til at valet fall enkelt for dei er at Linn, som er oppvaksen i ytre strøk, maksimalt kunne ha strekt seg til å flytt innover til Kyrkjebø. Ho trekk også fram at ho har opplevd eit godt miljø mellom vennar, og at det er rikeleg med fritidstilbod i bygda, som korps og fotball.

– Her er det berre å sleppe passeleg store ungar og ungdom ut på eigenhand. I Lavik er miljøet trygt og godt, seier Linn.

– Og så er det korte avstandar her. Du kan gå til både butikk, skule og barnehage, legg Vegard til.

Kjappe fakta om Lavik

– Det bur omlag 250 innbyggjarar i Lavik.
– Bygda har mellom anna skule, helsesenter, eit lite kjøpesenter og eit svært aktivt lags- og organisasjonsliv.
– Med plasseringa langs E39 midt i Vestland ligg Lavik svært sentralt til i det nye fylket.

Det unge paret har allereie blitt godt kjende med kvalitetane Lavik har å by på, sidan dei leiger ein einebustad der. I lengda blir det derimot ei dyr løysing. Dei vil heller eige noko sjølve. Men kvifor ikkje berre kjøpe noko brukt?

– Det er ikkje noko tilgjengeleg på marknaden her i Lavik. Huset vil bur i no, fekk vil leige gjennom bekjentskapar, fortel Vegard.

– Og så får vi det akkurat slik vi vil ha det når vi byggjer nytt, legg Linn til.

Veit du at?

Høyanger kommune gir 200 000,- i stimuleringstilskot ved oppføring av bustad. Les meir på nettsida til kommunen.

Linn og Vegard planlegg kvardagsdraumen i Lavik.

Det unge paret fortel om ein god dialog med Høyanger kommune om å kjøpe tomt i det nye byggefeltet. Dei har også fått teikna draumehuset hjå ein lokal utbyggjar, Ryland Bygg i Hyllestad.

– Vi har ikkje signert noko enno, men vi har vel alt klart. Det handlar mest om at vi må tørre å gå for det, seier Vegard.

Målet er å få feire jul i nytt hus. Ikkje no i 2020, men i 2021.

– Vi legg opp til ein del eigeninnsats, og med ein liten på veg, må vi være realistiske, seier han.

Lavik er nemleg ei bygd i positiv utvikling. Ny ferjekai, ladestasjonar for elbilar, og helt ny infrastruktur i sentrum har slått positivt ut for det lokale næringslivet.

– Folk tørr å satse i Lavik, og dei har kunnskap, seier Linn.

Det gjer at det unge paret – som snart blir foreldre for første gong – også tørr å satse i Lavik.

Kjappe fakta om tomtene

– Høyanger kommune har 16 tomter for sal i Prestmarka i Lavik*.
– Prisen per tomt er på 400 000,-**.
– Kort veg til ei rekkje handels- og servicetilbod i Lavik sentrum.
– Flott utsikt over Sognefjorden og eit nydeleg turområde rett utanfor stovedøra.

OBS: Tomt nr. 3 er no selt!

**I tillegg til tomtepris kjem tinglysingsgebyr på kr. 525, dokumentavgift på 2,5% av salsverdien ved tinglysing av skøyte, samt ev. oppmålingsgebyr.

Med 400 meter frå tomtene i Prestmarka til skule, butikk, kafé, frisør, ferje med meir kan ein trygt sei at tomente ligg sentrumsnært til.

Har du spørsmål, eller ønskjer du
meir info om tomtene i Lavik?

Kontakt leiar for tenesteeining plan og forvaltning Synne Vefring på e-post: synne.vefring@hoyanger.kommune.no, telefon: 57 71 15 47, eller sjå hoyanger.kommune.no.

#kvardagstrivsel_lavik