Ikjefjord – Kvardagstrivsel
Til framsida
Forelska i Ikjefjord

Dei arbeidde mykje, såg kvarandre knapt i kvardagen, og budde i eit området der einebustad var ein heilt urealistisk draum. Så flytta dei til Ikjefjord.

– Når du ser den raude bilen på veg over brua, er det berre å setje på kaffien!

Steffen Hielscher står med foten på ein nykappa trestubbe og ser utover mot Ikjefordbrua. Dette blir utsikta frå det nye huset.

Strengt tatt er utsikta veldig lik den dei har der dei har budd dei fire siste åra, men det huset er ikkje til sals no. Og påstanden om at det er «flust med hus» i utkant-Noreg, er ei myte. Spesielt på plassar med stort perlepotensiale slik som i Ikjefjord vegrar ofte eigarane seg for å selje, og beheld eigedommane som fritidsbustad etter dei har flytta vekk. Derfor er det bra at det no kjem på plass kommunale tomter, for da blir terskelen for fast busetting lågare. Særleg om ein ikkje har slektskap til staden.

– Om vi ikkje hadde fått kjøpe tomt no hadde vi måtta flytte, kanskje til ein heilt annan stad, seier Kathrin Hielscher.

Etter over fem år i Noreg var det eit «worst case»-scenario for ekteparet. Dei fortel at det handlar om den roen og rytmen dei har funne her langs fjorden, ytst i Høyanger kommune. No, når dei er i gang med å rydde tomta til det som skal bli huset deira, blir denne kjensla berre djupare.

– Ja, vi er blitt forelska i Ikjefjorden, vi er det, seier dei begge.

Kjappe fakta om Ikjefjord

– 80 fastbuande. Som idyllisk feireparadis mangedoblar innbyggartalet seg gjerne når hytteturistane er i bygda.
– Ikjefjord ligg sentralt i distriktet, med under 2 timar køyreavstand til Bergen.
– Sjekk ut ikjefjord.no for meir info om korleis det er å bu, jobbe, og leve i Ikjefjord.

Derfor er det også her dei vil byggje og bu, sjølv om dei har yrker som gjer at dei i prinsippet kan arbeide kor som helst. Steffen er handverkar med eige firma, medan Kathrin er sjukepleiar i kommunal teneste.

Dei hadde også tilsvarande arbeid i Tyskland, men fortel om at det var ein heilt anna kvardag enn det dei no har i Ikjefjorden.

– Vi arbeidde så mykje og til slike tider at vi knapt såg kvarandre, minnes Kathrin.

– Og med det lønnsnivået og dei bustadprisane som var der, ville det vore heilt urealistisk for oss nokon gong å kunne byggje eigen bustad, legg Steffen til.

Veit du at?

Høyanger kommune gir 200 000,- i stimuleringstilskot ved oppføring av bustad. Les meir på nettsida til kommunen.

Dei fann ut at dei måtte gjere noko med situasjonen. Og etter fleire år med feriering langs sørsida i Høyanger kommune, hadde Steffen allereie kontaktar som kunne skaffe han arbeid. Næringslivet her blømer nemleg, og har eit særleg behov for dyktige handverkarar.

Men også sjukepleiarar er det behov for i Høyanger kommune, så heller ikkje Kathrin hadde noko problem med å finne arbeid. Og sjølv om ho får ein del timar i bil kvar veke, ser ho ikkje på det som negativt.

– Tida i bilen er fin til å sortere tankane, spesielt om det har vore ei hektisk vakt. Kjensla av å køyre gjennom den siste tunellen inn til Ikjefjord er spesielt god. Eg byrjar å sjå etter hunden som ventar i vinduskarmen, og i det same eg tek av meg skoa er eg «offline», og kan kople heilt av.

– Her legg eg merke til noko nytt kvar dag. Og ikkje minst, her får vi tid til kvarandre!

Kathrin Hielscher
Kathrin og Steffen Hielscher planlegg korleis det nye huset i Ikjefjord skal bli, og ser med glede fram til å leve livet i den idylliske bygda i sin eigen bustad.

Det er sjølvsagt noko anna å bu i ei fjordperle, enn berre å være sommarturist. Men det er nettopp den overgangen ekteparet set så stor pris på.

– Vi vart raskt eit del av lokalmiljøet her, og innbyggjarane i Ikjefjord har vore svært inkluderande og imøtekommande mot oss som tilflyttarar.

Dei minnest at dei ble invitert til både 17. mai-feiring og juletrefestar frå første stund, og at det raskt «balla på seg». No er til dømes begge ein del av den lokale brannberedskapen.

– Og i arbeidet med å få i gang det nye tomtefeltet har vi heilt klart hatt ei sterk kjensle av at bygdefolket står på for oss, seier Steffen.

– No skjer det! Og da også heilt sikkert. Her vil vi bli verande, avsluttar Kathrin.

Kjappe fakta om tomtene

– Høyanger kommune har tre tomter for sal i Ikjefjord*.
– Prisen per tomt er på 350 000,-**.
– Det skal opparbeidast småbåtplassar like under det nye bustadfeltet.
– Fiberutbyggning på gang i samband med bustadfeltet – eit løft for heile fjorden!

*Sidan den første tomta alt er kjøpt av Kathrin og Steffen er det berre to igjen, så her er det løp og kjøp!

**I tillegg til tomtepris kjem tinglysingsgebyr på kr. 525, dokumentavgift på 2,5% av salsverdien ved tinglysing av skøyte, samt ev. oppmålingsgebyr.

Tomtene ligg naturskjønt til i eit lite skogholt sentralt i Ikjefjord.

Har du spørsmål, eller ønskjer du
meir info om tomtene i Ikjefjord?

Kontakt kommuneplanleggar Synne Vefring på e-post: synne.vefring@hoyanger.kommune.no, telefon: 57 71 15 47, eller sjå hoyanger.kommune.no.

#kvardagstrivsel_ikjefjord

Andre tomter


Lavik